Søndansen

Nettverket for historisk dans i Norge

Fra europeisk motedans via de kondisjonertes ball, storgardsball og borgerskapets dansesalonger.

Søndansen er eit tilbod til dansarar som er eller har vore knytta til Leikarringen og BUL Oslo. Søndansen er for dei som vil danse meir enn dansen på tysdagane eller som ikkje har høve til å vere med då. Det er triveleg om fleire finn vegen til Søndansen som er omlag ein søndag i månaden. Samlingsstaden er oftast NGI i Sognsvegen 72.

Vi er veldig heldige som har levande musikk på øvingane. Spelemann er Hans Petter Holen og rettleiar Folke Flateland.

Vi dansar mykje kontradans og storgardsdans frå det norske kontradansutvalet, vi arbeider med dansestil og set dansane inn i ein kulturhistorisk samanheng. Vi legg også vekt på det sosiale med ein god prat til kaffien.

Kontaktperson for Søndansen: Folke Flateland, tlf. 905 24 344

Copyright © All Rights Reserved