Klepp leikarring

Nettverket for historisk dans i Norge

Fra europeisk motedans via de kondisjonertes ball, storgardsball og borgerskapets dansesalonger.

 

Klepp leikarring har hatt stildans på danseprogrammet sidan 2008. Det er øving i stildans 2 gonger pr månad, ein søndag og ein torsdag i kvar månad utanom sommarmånadene og desember. Ingrid Oftedal Gjesdal er instruktør. Det vert som regel brukt levande musikk vekslande mellom fiolinistane Tor Anton Haarr og Dag Hovda Sture.

 

For tida er det ialt ca 20 par som er med på øvingane - rundt 15 par pr kveld. 8 av para er medlemar i Klepp leikarring. Resten kjem frå andre folkedanslag i distriktet.

 

Klepp leikarring arrangerer ball i historiske dansar kvart år i november.

 

Repertoaret vårt til nå er m a desse dansane: Fransese, Menuettpolonaise, Sekstur I og II, Figaro der alle dansar og Figare med to mylne, Stora menuetten, Lancers, Caledonian kvadrilje, Julekvadrilje, Duke of Kents Waltz, Engelsk dans nr 17, Molenasky, Orion, Pompadour, Minon, Pas d'Espagne, Brudevalsen, Pariser, Prinsesse Alexandrine,

Fandango frå Austandet, Mølledansen, Dobbel kvadrilje frå Sønderborg, Beethovens menuett, Le Prince Imperial, Stormurin, Gavotte, Vals Mignon, Menuett i G, Stjernetur, Firetur III frå Namdalen, Rufty Tufty

 

11 par frå gruppa var på ball i Nordleik i Viborg sommaren 2015 og lærde dei fleste dansane der. Mange av dansarane våre pleier også å vera med på ball i Farsund i august. Og fleire reiser dessutan på ball på Austlandet.

 

Copyright © All Rights Reserved